doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20020824

dokudikt 2

eg bada naken med han eg elska for seks år sidan Eg oppfatta det aldri som om du var noko interessert i meg på den måten, seier han, det var meir som ein allianse mot ei gal verd, det var veldig viktig for meg. Ja, seier eg, han har fin rumpe sjølv om han har fått mage og det er det eg bryr meg om