doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20080422

doku 62

Eg fann

ein attgløymt bæsj

på badegolvet – tjo hei!

20080226

doku 61

Kroppen min utfører ein uendeleg langsam spontanabort
I dag gjer han seg ferdig
Det blør og blør, på tbanen
utover alle kleda, eg må stå heilt i ro, godt eg har lang jakke

på do i tredje etasje henrik wergelands hus
skubbar kroppen min venleg ut
fosteret, som det heiter,
godt pakka inn i blod og slim

og endå meir blod
T kjem opp med reine klede og store bind,
eg kan dra heim og sova,
kroppen endeleg nøgd

20080130

doku 60

...og der var eg på tjukken igjen.

20070918

doku 59

Eg lagar borsj til bror min,
so eg kan seia etterpå:

Det er raudbetane som gjer at du pissar raudt,
du er ikkje sjuk

20070911

doku 58

eg får løn og kjøper presang til kjærasten min. han seier takk og les avisa

Alle tinga eg gjer for å få pula og so verkar det ikkje

20070817

doku 57

No
er avocadoen
mogen

so no
må eg gå opp på pauserommet
og eta lunsj med
dei andre


20070507

doku 56
lukta av bror min si puling. eg natt-ammar i senga til bror min. det er ei lukt som minner meg om noko. beibien kan ikkje lukta slik, er det eg som ikkje har vaska meg? so hugsar eg kva lukt det er. so prompar beibien.