doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20020914

doku 6
kroppen min skjelv eg
hatar kroppen min meir
øl hjelper ikkje ingenting
hjelper Alt på grunn av
gamle stygge menn med
triste augo

kva skal eg gjera
kva skal eg gjera
køyr på køyr på
doku 5

tanta mi ligg i ei seng på radiumhospitalet og døyr.
eg trur alle gamle damer eg går forbi på gata er henne
serleg dei med kvitt hår, serleg dei med ein sigarett i
handa, serleg dei som går tilkjempa elegant so alle kan
sjå at dette er ikkje noko dei er fødde inn i, det ligg
mange års øving bak