doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20060123

doku 42

Eg trur eggstokkane og livmora og alle dei greiene langt inni kroppen min har ein eigen vilje, ein sur og gretten eigenvilje (uavhengig av kåtskap) som seier "Nei! Nei! Ikkje noko barn her!" Den fornuftige doktoren sa: kor lenge har du ete p-piller? kva tid slutta du med det? kor lenge har du hatt mensen etterpå? Ok, kom att til sumaren om du ikkje er gravid til då. Hugs å pula når du har eggløysing. Lukke til

me får no sjå.