doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20041117

doku 23

det som kjem no er ikkje noko doku, berre juks som eg tykte var fint

snøen gjer at me må kviskra
om me snakkar høgt, kan han kanskje smelta
hovuda tett inntil
slik vil eg det skal vera alltid

no doku: tusen takk du som sa kva eg kunne gjera for ikkje å få slike tulleteikn. men eg orkar ikkje nett no, kjærasten min er i fengsel og eg gløymer og misser ting og får ikkje ting til og held på å grina heile tida og er redd om natta. men ikkje so redd som eg trudde. og skjønar ikkje kvifor eg skal stå opp når eg vaknar om morgonen. eg må spørja han når han kjem ut. fengsel er doku, serleg når det berre er 14 dagar. men det går an å lesa om ein vel Unicode under Vis - Koding