doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20050321

doku 30

det luktar piss på do på La Boheme, det er ei lukt eg LIKAR

kjærasten min klinte med ei som eg har klint med før og eg vart lei meg

og eg vart glad, for dette hadde eg ikkje trudd, dette hadde eg ikkje rekna ut på førehand, handlinga tok ein finte eg ikkje såg før etterpå, kva anna kan eg gjera enn lena meg bakover, smila og lata overraskinga gli varmt gjennom kroppen?

gøyma meg under senga, slutta å sjå folk, slutta å tru eg er deilig, klina med nokon andre

men heile tida kitlar det som sitronbrus i nasen og kva skjer no?