doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20030806

Om doku 13 står fire gonger so er det ein feil. det var ikkje so grådig bra
doku 13

av alle gonger ein skal tvingast til å verta ei raudnande klumsete småjente er den siste alltid alltid den aller verste

endå eit mislukka forsøk på å sjarmera nokon eg ikkje bryr meg om & ikkje greier å snakka med, ein søt ung gut m/fregner, ingeniørstudent, sambuar, nyinnkjøpt leilegheit, godt hovud og lite å bruka det på

eg skal slutta på jobben i dag, me har jobba i lag, og seia takk for no det var kjekt å arbeida med deg og gje ein klem & sjå litt sjarmerande ut og eg greier ingen av delene, seier berre ja når han seier alt som skal seiast, strekkjer ikkje fram ei hand ein gong og sit og raudnar ein halvtime etter at han er gått

& alt dette for ein INGENIØRSTUDENT som
-hatar nynorsk
-ikkje er spesielt pen
-ikkje har spesielt mykje intresangt å seia, og ikkje prøver heller

Men Som Har
-fine fregner
-kvite, nyskurte tær med nyklypte tåneglar
-ein kropp som ville fått gud til å humra i skjegget av mild kåtskap & glede
-ei presis og intuitiv observasjonsevne for språk, luktar, smakar

og dessutan evna til å vera NØGD NØGD NØGD NØGD