doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20080226

doku 61

Kroppen min utfører ein uendeleg langsam spontanabort
I dag gjer han seg ferdig
Det blør og blør, på tbanen
utover alle kleda, eg må stå heilt i ro, godt eg har lang jakke

på do i tredje etasje henrik wergelands hus
skubbar kroppen min venleg ut
fosteret, som det heiter,
godt pakka inn i blod og slim

og endå meir blod
T kjem opp med reine klede og store bind,
eg kan dra heim og sova,
kroppen endeleg nøgd