doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20060318

doku 46

då eg drog ut tampongen
såg eg at eg
hadde gløymt å ta av plasten
på tuppen
før eg
sette han inn

20060314

doku 45 (sjølvmedlidande, men det høyrer vel sjangeren til)

jaha, so vart eg gravid då, to blå strekar og alt. Og det varte vel i ca ei veke. So blødde eg i ca to. Kva skal ein sei til det? So var kroppen min ferdig med den saka. Det er godt at kroppen ordnar opp?

Og då er det vel berre å pula på att.