doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20080929

doku 66

å, nepelukta!
ein nyskild mann på kontoret mitt og et nepe. nepelukt i gangen, nepelukt på kjøkenet og på do, avtale om samver i skrivaren, åtte eksemplar. Nepeskal i bilen, nyskrelte neper klare og nyskola på bordet. Ringjer til advokaten. Eg stirer i pulten: Å, ikkje ikkje ikkje kom bort og spør om eg vil ha nepe!