doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20080722

doku 65

(eit gamalt, som eg har late liggja ei stund, av omsyn til sømdi)

I fjor haust, då eg gjekk til skulen, fekk det meg til å smila kvar morgon å tenkja på korleis det hadde vore å ha pikken din inni meg og nett korleis og kvar eg ville kjenna at det var ein knekk, eller bøy, på pikken din, ville tuppen skrapa mot veggen eller kitla eller kanskje eg ikkje ville kjenna noko (litt skuffande ville det vore)

Og kvar dag gledde eg meg til å gå til skulen. No er det noko i vegen med fitta mi, ho er rivna og sydd att og ikkje den ho var, ho greier ikkje tenkja seg det lenger, korleis det hadde vore, ingenting

Når me møtest snakkast me som vener

doku 64

Eg likar spesielt godt at bringebæra veks på stikkebusker
Og at det kan vera makk i dei

I går såg eg eit pinnsvin som åt på ein død fugl
Er pinnsvin kjøtetarar?
Fuglen såg ut til å ha vore død lenge,
Kanskje det var larver inni
Aldri har eg sett eit så lukkeleg pinnsvin

Ekornillusjonar hoppar mellom trea. Eg slår opp