doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20041012

doku 21

det er rolegare med meg òg og han andre
me har lyst til å ta på kvarandre, men me gjer det ikkje
me seier og gjer ting for å gjera den andre glad i staden
og so veit me at me ikkje kjem til å verta kjærastar
sånn trur eg at det er, og eg trur at eg likar det, det er sikkert ikkje bra
og eg merkar at eg likar å fortelja det