doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20110106

doku 75

Nokon har sølt på bordet

No rann
det
ein drope
ned gjennom bordet og
ned på hælen min, seier eg til han
(eg har byrja nemna stader på kroppen)

Eg ser at me speglar kroppane til einannan slik som i damebladtestane: “Er han interessert?”
Ja, det er han,
Det er difor kroppen min
Har byrja å røra seg i takt med hans, han ser på meg
Og eg ser attende fyrst eit kort heilt ope blikk så slår eg augo blygt ned før eg ser opp og smiler ertande,
Det er ein strategi som har teke over kroppen min
(er det nedverdigande? Ja. Er det å gjera seg sjølv til ei vare? Ja.)

Han har eit ope andlet som eg likar. Han og kona prøver å få ein unge til. Eg blør og blør etter aborten – korleis går det an å ikkje merka eimen av blod rundt meg? Fleire rundt bordet ventar barn. Sånn er festane. Kor lenge kan han halda fram med å sjå på meg før han oppdagar korleis han ser?
Kanskje det er noko eg ikkje har forstått. Eg går og skifter bind.