doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20090417

doku 69

Kanskje denne eksemen på hendene kjem av at huda mi saknar deg?
Eller kanskje ikkje, kanskje faktisk ikkje!

Eg hugsar jo korleis det var:
Meieriet kroppen min
Som støvsugde huda, låra, kinnet, håret mitt
For feitt
Samla det opp og laga
Fløyte
Til ei lita igle