doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20090417

doku 70

To månader att, det er byrja renna mjølk frå puppane mine når eg søv. Eg drøymde at eg skulle skilja meg frå tre menn, alle fine fyrar. Eg vaknar og ser flekkane på t-skjorta, hugsar intens sex med ein eller fleire (eller bytte dei berre andlet?), sliten i fitta av ungen som pressar seg nedover