doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20061220

doku 53

Jordmora klaga på puppane mine: Nei, her må me gjera noko, sa ho.

So fekk eg eit instrument som skal få brystvortene mine til å peika utover i staden for å sjå litt sjenert innovervende ut. Jaha. Gone are the days of dreading public changing rooms, står det på pakka.

eg kjende meg som ein idiot sidan puppane mine aldri (i alle fall ikkje sidan gymnaset) har fått meg til å frykta gymgarderoben. eg har trudd at puppane mine var heilt fine, kanskje ikkje so store, men eg har no tenkt at dei såg fine ut og at det ikkje var noko i vegen med dei. At eg kunne vera so dum å ikkje skjøna at kroppen min hadde ein feil.

no må eg gjera opp underskotet på garderobefrykt