doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20060214

Om doku 44

Det vart ein feil her, eit "mitt" for mykje. SLik skulle doku 44 ha sett ut:


Mikhail M. Bakhtins (eller har eg skrive namnet feil att no?) Spørsmålet om talegenrane får meg til å hugsa då eg kom inn på rommet til han mannen, for eg var jo vaken og stått opp før han, og so stod han der heilt naken , og eg kunne jo ikkje lata vera å klemma han, og han sa "det ville jo vore teit om eg skulle bruka tid på kle på meg før eg opna døra for deg", og det er det tydelegaste dømet eg har sett på at forventninga om kva den andre skal svara alltid er ein del av ytringa, so tydeleg at eg får det ikkje ut av hovudet, sjølv om eg blunkar og ler
doku 44

Mikhail M. Bakhtins (eller har eg skrive namnet feil att no?) Spørsmålet om talegenrane får meg til å hugsa då eg kom inn på rommet til han mannen, for eg var jo vaken og stått opp før han, og so stod han der heilt naken , og eg kunne jo ikkje lata vera å klemma han, og han sa "det ville jo vore teit om eg skulle bruka tid på kle på meg før eg opna døra for deg", og det er det tydelegaste dømet eg har sett på at forventninga om kva den andre skal svara alltid er ein del av ytringa, so tydeleg at eg får det ikkje ut av hovudet mitt, sjølv om eg blunkar og ler