doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20030402

doku 10
syden. huda til kjærasten min vert til gule skorper. me kunne ikkje dra til byen når han var so sjuk. me kunne ikkje dra på stranda. han kasta opp ei heil halv tilitersbytte. når eg stryk han over håret ligg han stille. eg spør om han gler seg til å reisa heim - ja, det gjer han. han seier han trudde han var miltbrannforgifta. dumming, det er berre sola, seier eg. eg drøymde at Gabriel Garcia Marquez vart overkøyrd av ein buss i gata mi, Høgatun 7c, 5260 Indre Arna. natta før var det nokon andre som døydde. kvar natt drøymer eg at eg gret. kvar morgon ligg me og ventar på at sola skal stå opp. han vert betre. i morgon tek me bussen til byen.