doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20040317

doku 17

endeleg har eg turt å prøva det ut og no
veit eg at tikronersbind er nesten like bra som libresse kanskje
to kroner mindre oppsugingsevne MEN
20 KRONER BILLEGARE. FOR EIN BLØFF Libresse
kjem til å gå konk når folk finn ut dette Ha Ha Ha
Det er vår so no kjem det tre dokudikt på ein gong! Dette er intervalltrening i intimtyranni, vil no eg seia

doku 16 om alfred

for eg snakkar med ein som eg har kjent lenge og so vert han fjern i augo brått er det for ti år sidan og eg snakkar til han og brått snakkar ikkje han til meg meir han er fjern i augo han vert fjern i augo og ser meg ikkje lenger eg er usynleg eg forsvinn eg vert borte i eit år

eg klarer ikkje når dei er fjerne i augo ingen skal få vera fjerne i augo til meg ingen skal få verta fjerne i augo og so lata meg stå der ingen ingen ingen
doku 15 om kåtskap

Det er vår og eg kan ikkje lita på kroppen min, kva som helst gjer meg kåt og kven som helst, kvar er middelklassedømekrafta mi, kvar er kriteria, kvar er forakten min for dei dumme og dei med dårleg smak? Neidå, ei fin rumpe er nok, eller ei stygg rumpe, mann eller dame, jadå, om dei er 19 eller femogførti, om dei har stor mage eller ingen mage, og ikkje har eg vit til å skjemmast, nei skjemmast kva er det, munnvikene strekkjer seg oppover eg kan ikkje lata vera å flira