doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20040317

doku 15 om kåtskap

Det er vår og eg kan ikkje lita på kroppen min, kva som helst gjer meg kåt og kven som helst, kvar er middelklassedømekrafta mi, kvar er kriteria, kvar er forakten min for dei dumme og dei med dårleg smak? Neidå, ei fin rumpe er nok, eller ei stygg rumpe, mann eller dame, jadå, om dei er 19 eller femogførti, om dei har stor mage eller ingen mage, og ikkje har eg vit til å skjemmast, nei skjemmast kva er det, munnvikene strekkjer seg oppover eg kan ikkje lata vera å flira