doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20040317

Det er vår so no kjem det tre dokudikt på ein gong! Dette er intervalltrening i intimtyranni, vil no eg seia

doku 16 om alfred

for eg snakkar med ein som eg har kjent lenge og so vert han fjern i augo brått er det for ti år sidan og eg snakkar til han og brått snakkar ikkje han til meg meir han er fjern i augo han vert fjern i augo og ser meg ikkje lenger eg er usynleg eg forsvinn eg vert borte i eit år

eg klarer ikkje når dei er fjerne i augo ingen skal få vera fjerne i augo til meg ingen skal få verta fjerne i augo og so lata meg stå der ingen ingen ingen