doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20050531

doku 34

sliten & sveitt & stinkar etter å ha sykla til blindern

dei med flate magar - kva er det dei gjer? og dei som har flate magar og dessutan ikkje luktar sveitte, kva gjer dei?

eg kjenner ein som nesten ikkje sveittar (seier han), men øyrevoks, det har han! Øyrevoks produserer kroppen hans i store mengder! Og likevel veit han ikkje korleis det smakar (seier han). Finst det verkeleg nokon som aldri har putta veslefingeren i øyra og etterpå i munnen - det kan eg ikkje tru!