doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20050531

doku 34

sliten & sveitt & stinkar etter å ha sykla til blindern

dei med flate magar - kva er det dei gjer? og dei som har flate magar og dessutan ikkje luktar sveitte, kva gjer dei?

eg kjenner ein som nesten ikkje sveittar (seier han), men øyrevoks, det har han! Øyrevoks produserer kroppen hans i store mengder! Og likevel veit han ikkje korleis det smakar (seier han). Finst det verkeleg nokon som aldri har putta veslefingeren i øyra og etterpå i munnen - det kan eg ikkje tru!

8 Comments:

  • At 3:40 p.m., juni 01, 2005, Blogger Magnus said…

    Har smakt på mykje rart, men ikkje øyrevoks. Så då er me to.

     
  • At 6:08 p.m., juni 01, 2005, Anonymous Anonym said…

    Eg har heller ikkje smakt på øyrevoks. Korleis er det?

     
  • At 2:00 p.m., juni 02, 2005, Blogger Fru Lur said…

    eg hugsar at det smakte litt som når ein hadde fått løvetannsaft på fingrane - brått veldig beiskt i heile munnen

    sa ikkje helsesyster at de skulle gjera dykk kjende med kroppane dykkar?

     
  • At 8:18 p.m., juni 02, 2005, Blogger Magnus said…

    Ein kan vel sjå og lukta seg fram til kjennskap om ting utan å måtta eta det.

     
  • At 4:30 p.m., juni 06, 2005, Anonymous Anonym said…

    Tøft gjort å eta noko så uappetittleg som øyrevoks, fru lur sur. Er det heilt sikkert at du ikkje her har nytta deg av regelen «det er lov å lyga for å imponera»? ;-)

     
  • At 2:30 p.m., juni 07, 2005, Anonymous Anonym said…

    Eg er samd i at alle ein eller annan gong må ha smakt øyrevoks, om så berre i vanvare. Eg trur at dei som seier dei ikkje har gjort det latar som.

    Det smakar beiskt, meiner eg å hugse.

     
  • At 1:25 p.m., juni 16, 2005, Anonymous Anonym said…

    Eg har alltid syns at husholdningssaft smake øyreskit. Den blir derfor kalt øyreskitsaft der eg komme fra.

     
  • At 11:09 p.m., mars 10, 2006, Anonymous Anonym said…

    ørevoks smaker beskt. buser derimot, namnam! :)

     

Legg inn en kommentar

<< Home