doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20061122

doku 52

oppsummering etter åtte månader: det er ok å vera tjukk. det er ikkje ok å vera for trøytt til å treffa folk, ikkje orka pula, ikkje orka driva med utruskap, vera sjølvoppteken, einsam og lei seg, sart og grinete i staden for sint, ute av kjønnsmarknaden, ikkje få på seg sko om morgonen, ikkje kunna drikka whisky når det trengst.

Kroppen min, derimot, har aldri hatt det betre. Kroppen min har aldri vore friskare og mindre vond enn no. Kroppen min elskar tydelegvis å vera gravid.