doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20030727

Ny telefon

Kvifor er stolen full av spy, vaknar eg av at han seier ved sidan av meg i senga. Nei, det veit vel ikkje eg seier eg og byrjar hugsa kva eg drøymde, at eg kasta opp store pylsebitar og kebabbitar i ein tjukk graut som fylde heile munnen min. Har eg gjort det der, seier eg, veit du kva klokka er? Nei, me veit ikkje kva klokka er, eg lyfter telefonen min opp av spyet, halv elleve står det på han og so forsvinn det. Eg må vaska han, spyet heng godt fast. Eg vaskar han, men det kjem ikkje fram att. Eg får aldri meir vita kva klokka er om ikkje eg kjøper meg ny telefon og det kostar tusen kroner. Og dessutan fekk eg vita at eg har sl?ått ned ein fyr for fire år sidan, då eg budde i bergen.