doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20020824

Her kjem nokre REGLAR FOR DOKUDIKT.

Kanskje det kjem fleire seinare.

1. Dokudikt er ein slektning av dei nye sjangrane "dokudrama",
"dokusåpe" og andre sjangrar som hevdar å vera ei blanding
av dokumentar ("fakta") og fiksjon.

2. Dokudikt skal helst handla om det som hende i går, men kan og
unntaksvis handla om det som hende i dag. Dokudikt kan aldri
handla om det som skal henda i morgon, eller det ein trur, fryktar
eller vonar skal henda.

3. Alt det står om i dokudiktet må ha hendt, men det er lov å
lyga for å imponera

dokudikt 2

eg bada naken med han eg elska for seks år sidan Eg oppfatta det aldri som om du var noko interessert i meg på den måten, seier han, det var meir som ein allianse mot ei gal verd, det var veldig viktig for meg. Ja, seier eg, han har fin rumpe sjølv om han har fått mage og det er det eg bryr meg om