doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20041030

doku 22

kvise
på kvise
sprett fram i andletet mitt
det er for at eg har slutta med p-piller
men eg er femogtjue år for gamal
til kviser og å raudna flau og forelska
og ikkje veit eg kva eg skal seia og spør
om noko meiningslaust berre for at han guten skal halda fram med å snakka og stå der i døra og ikkje gå og han spør meg om eittelleranna berre for at han skal få stå der og ikkje slutta å snakka og
ikkje gå