doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20050422

doku 31

"du let som om du har ein samfunnsmessig analyse av seksualiseringa av media, men det er jo berre deg sjølv og dine eigne frustrasjonar du eigentleg snakkar om"

sa eg. Og det vart grining, sjølvsagt.

Og at eg ikkje kunne ha halde kjeft! At eg ikkje for ein gongs skuld kunne lata vera å seia alt eg veit! At ikkje folk skal kunna få ha si eiga ynkelegheit og litenheit i fred!

At eg aldri greier å lata vera å slå når eg kan!