doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20050617

doku 35

lagavulin er ein god whisky. eg
vil ikkje sjå nokon. eg taklar ikkje
sånne augo og rørsler som tigg om
kjærleik og kjærleik og kjærleik

den upersonlege varmen av whisky
nedover halsen, er det eg vil ha

sorry, prøver att ein annan dag når eg er trivelegare og det er finare ver. då skal eg vera eit betre menneske, god og kjærleg og god og kjærleg og god og kjærleg