doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20050504

doku 33

vakna i natt med
utslett på låra
armane magen ryggen
halsen og hendene. Det klødde, borte

i dag tidleg. Midt
i ein samtale byrjar det å pipa
i øyro - kva er det for noko? Og
leamus på augo. Som om eg ikkje

veit kva eg vil