doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20050429

doku 32

då eg vakna i natt
av andletet hans bøygd
over meg, og kroppen på
veg ut av senga for å gå på do

såg eg ikkje kven sitt andlet
det var - mannen min eller
han andre, dei er jo ganske like,
eg kneip munnen godt att

og prøvde hugsa kvar eg
var, feil namn skulle ikkje
smetta over mine lipper