doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20050219

doku 28

det er meiningslaust
det kjennest som det er veldig
veldig meiningslaust, veldig liten vits i å vera i live

to øl mindre og eg hadde vore glad
to øl meir og eg hadde gløymt det

eg freistar å kopla inn vitet, rasjonaliteten, empirien, minnet
som seier at når eg vaknar i morgon og ser opp på himmelen over vindauget mitt og kjenner kjærasten min ved sidan av meg

so pustar eg langt inn, og langt ut, og andletet roar seg i eit smil
og eg har gløymt kva det var
eg har gløymt kva det var

20050214

doku 27

utruleg irriterande å vera kåt og ha mensen samtidig, men kva skal ein gjera?