doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20060208

doku 43

plutseleg har eg ingen pengar når eg skal kjøpa ny deodorant, fuck lånekassa, men kva skjer? når eg legg nasen inn i armhola stinkar det ikkje sveitte. Ikkje fyrste dagen, ikkje andre og ikkje tredje. Kva er dette? Treng ikkje mennesket deodorant meir?

7 Comments:

  • At 9:55 a.m., februar 09, 2006, Anonymous Anonym said…

    Det er sveitteetande bakteriar på huda som lagar den liflege lukta. Armholene (og føtene) har særleg mange sveittekjertlar, og difor luktar dei gjerne meir enn andre kroppsdelar. Deodorantar reduserer sveittelukta ved å:

    * maskera lukta med parfyme
    * drepa bakteriar
    * redusera sveitteproduksjonen

    Utan deodorant kan ein redusera sveitte og bakterieflora ved å:

    * vaska seg med såpe
    * barbera seg
    * bruka pustande tekstilar
    * byta inste lag med klede kvar dag
    * unngå stress
    * unngå koffein
    * kle av seg før ein blir varm og ikkje venta til sveitta renn, til dømes ta av seg ytterjakka på T-banen som fyrar som berre f... fordi det er vinter og dei ikkje har forstått at folk alt har kompensert for det ved å kle seg skikkeleg
    * maskera lukta ved å eta kvitlauk (men chili bør ein halda seg unna, for det får fart på sveitteproduksjonen)
    * anonymt sleppa ut litt tarmgass for å maskera lukta (berre i naudsfall, blir du ferska blir det dobbelt pinleg)

     
  • At 10:22 a.m., februar 13, 2006, Anonymous Anonym said…

    Huff og huff. Kan du ikke skrive om noen ting som er koselige, isteden for å skrive om disse vulgære tingene. Kanskje en liten blogg om oppbevaringsbokser, rengjøring eller kanskje tillogmed gutter og hvordan vi kvinner skal kurtisere dem.

    Men du bare fortsetter med ditt vulgære prat, kanskje du burde søke legestanden for litt psykisk balansering.

     
  • At 4:00 p.m., februar 28, 2006, Anonymous Anonym said…

    Eg har opplevd nett det same; eg hadde ikkje råd til deodorant på lenge, men merka i grunnen ingen skilnad frå då eg brukte det. Eg kjende meg lurt (men tok jo til å bruke det att etter eg fekk råd, så eg ville vel lurast).

     
  • At 11:12 p.m., mars 10, 2006, Anonymous Anonym said…

    tok meg en dusj i dag, og deodoranten var tom. tok på t-skjorte og et kvarter etter kjente jeg en skarp eim. jeg vil bytte kropp! hvor kan jeg få en som bare lukter blomster, mon tro?

     
  • At 4:59 p.m., mars 11, 2006, Blogger Fru Lur said…

    eller kanskje du berre har ein betre nase enn meg?

     
  • At 5:34 p.m., februar 05, 2007, Anonymous Anonym said…

  • At 6:39 p.m., oktober 18, 2010, Blogger Unknown said…

    Spør du meg er det lite som er så turn-on som sveittelukta til kvinnfolk…

     

Legg inn en kommentar

<< Home