doku

Dette er heimesida åt Fru Lur Sur. Her legg eg ut dokudikta mine. Dei handlar om livet mitt, difor kan eg ikkje seia kven eg er.

20060812

doku 49

eg drøymer at eg er ved Det Store Matbordet, eg står med tallerkenen i handa og lessar på av all den gode maten. Eg set frå meg fatet og ser rundt meg i matsalen for å finna ein stad å sitja. Då eg ser ned att, er fatet mitt borte. Eg finn ein ny tallerk og byrjar fylla på, men den òg forsvinn. Eg prøver ein tredje gong, men fatet mitt vert borte no òg. Eg ser at eg er den einaste som framleis held på med å forsyna meg, det byrjar verta pinleg, trur dei andre at eg berre står her oppe og et? So er måltidet over og dei byrjar rydda inn

3 Comments:

  • At 6:48 p.m., august 17, 2006, Blogger Eva Marie said…

    Endeleg noko du har skrive som ikkje handlar om puling, mens-blod, sjalusi om at eg pular med kjærasten min eller graviditet.
    (For ein gongs skuld vart eg ikkje flau over å lesa dette... :))

    letta helsing frå

     
  • At 8:56 p.m., september 10, 2006, Anonymous Anonym said…

    Moralist ;-)

     
  • At 12:19 p.m., september 24, 2006, Blogger Åsne Hagen said…

    "Shame, what was it? It was part of extreme delight. It was that part of delight of which man is usually afraid. Why afraid? The most secret, shameful things are most terribly beautiful." - D.H. Lawrence

     

Legg inn en kommentar

<< Home